lørdag 17. januar 2015

frukt av Hilde Myklebust

Foto: Privat.




Dråpar sprett frå elva
og vert til sprø is langs kantane
Innanfor er eit landskap for snø

Eg går over markene i ei blå kåpe
På armane ber eg tunge korger
fulle av vinterfrukt

Når våren kjem
vil spora mine smelte fyrst av alt
verte til grøne opningar i snøen
Noko kjem til å vekse der








/Fra samlingen "Søkk". 







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar